Ungdomstur til Finnskogstua
Den første helga i august var vi åtte ungdomar frå FFHB og VMH som skulle på friluftstur til Finnskogen og Finnskogstua.
Vi møttest på Gardermoen og åt litt i overkant mykje pizza før sjåføren vår, Bjørn, køyrte oss til Finnskogstua. Her venta to glade og kjekke friluftsfolk på å ta oss i mot, Trond Strømdahl og Heidi Halvorsen. Vi fekk omvising på hytta. Nei, dette er ikkje noko skur eller nødbu! Den gamle hytta, som vart brukt av motstandsrørsla under 2. verdskrig, er restaurert og har ein fantastisk standard! Allereie no vart det bestemt at boblebadet og badstua skulle takast i bruk til kvelden.
Trond hadde gjort klart fiskestenger og agn. Det er store mengder abbor og gjedde i innsjøen, og det merka vi! Abbor etter abbor blei lempa opp av vatnet, og bidrog til ein nydeleg lunsj dagen etter. På grunn av den varme og tørre sommaren, var det heilt myggfritt. Det var skjønt, ikkje minst for dei fire som bestemte seg for å sove ute i hengekøyer. Eigentleg hadde alle litt lyst å sove i hengekøyer, men nokre meinte at sengene på Finnskogstua berre var altfor gode! Det blei ein sein kveld for dei fleste med både boblebad, badstue og nattbading i innsjøen Skasen.
Laurdagen var turdagen vår, noko som passa bra sidan veret var så flott. Då tok Trond og Heidi oss med på ein skogstur. Plutseleg small det opp tre tiurar frå nokre busker! For ei oppleving det er å kome så nært på naturen!
Etter turen tok vi eit nytt bad i Skasen, medan Trond og Heidi stelte i stand eit herremåltid av ein lunsj. Resten av dagen gjekk med til padling, luftpistolkonkurranse, villmarksquiz, fisking og bading. Vi hadde planar om badstue og boblebad denne kvelden også, men vi var rett og slett så slitne at vi blei sitjande å spele kortspel til langt på natt i staden. Klokka byrja vel å nærme seg tre før alle var i seng. Likevel vart vi einige om ein tidleg frukost. Neste dag var avreisedag, og erfaringar frå tidlegare turar og leirar seier at denne dagen berre går så altfor fort!
Søndagen gjekk med til meir luftpistolskyting og fisking før vi måtte ta farvel med Heidi og Trond, som vi i løpet av helga var blitt veldig glade i. Vi har hatt det utruleg kjekt på tur! Vi har prøvd masse nytt, og vi har stifta nye vennskap. Kanskje blir det ny tur neste år? Det håper i alle fall vi!
Tekst og foto: Olea Jonsdottir Flø